Klebersteinsbrotet

På Lykling, bak naustrekkja før vegen tek oppover mot gullgruvene, ligg eit klebersteinsbrot. I fjellveggen ved enden av den bølgjande enga kan vi sjå dei karakteristiske spora etter uttak av klebersteinsblokker til bygningsstein, eit ettertrakta materiale til mellomalderens kyrkjer og kloster. Djupe renner vart hogde på sidene av blokkene som skulle takast ut. Restar etter slike renner – og hogge- og kilespor – er framleis synlege. Under enga på framsida av brotet ligg det skrotmassar frå drifta.

Vi kan rekna med at dette var eit av dei største brota i Hordaland på 1100- talet, og at det herifrå har vore levert stein til Moster kyrkje og til Mariakirken, Domkirken, Korskirken og Nonneseter kloster i Bergen.

Kilde: grind.no

Denne bildekrusellen krever javaskript.

På lenkene under finn du informasjon og filmar om klebersteinbrotet på Lykling.

http://steinriketbomlo.no/kleberstein/

https://www.youtube.com/watch?v=uhbxpTYMHb4

https://tv.nrk.no/serie/ut-i-naturen/dvna20000913/04-02-2015#t=3m31s