Gullgruveområdet

Guldet på Bømmeløen af cand. real. T. Ch. Thomassen (Naturen 1887)

«Faa fund af nyttige mineraler har i den grad sat vort folk i bevegelse, som gulfundene paa Bømmeløen. Paa vestsiden af denne, lige ud mod havet, er det mand har fundet det ædle metal. Landet er øde og ryt, og kun forekomsten af guld har formaaet at bringe liv mellem de mange fjeldkupper hvor nævneverdig vegetation kun findes i de smaa indsænkninger som lgger i ly for havvinden, mellem klipperne.

Det viktigste guldforekomster ligger paa et lidet felt mellem Nøkling og Vornæs. Bergartene her er væsentlig af vulkansk oprindelse; men da den vulkanskevirksomhed tilhører en lengst forsvunden periode af vor jords historie og i tidernes løb er etterfulgt af mange forandringer, er sporene af den nu kun tydlige for videnskapsmanden.»

På midten av 1800-talet vart det leita etter mineraler mange stader rundt om i landet. På Bømlo var det for det meste kopargruver, og det var i ei av desse gruvene, «Modumsgravene»(ved Haugesundsgangen) på Lykling, at det første kjente gullet blei funne i 1862.  Frå 1883 til 1910 vart det dreve bergverksdrift etter gull i dette området av fleire selskap, både store og små. Enkeltpersonar fekk også utmål der dei prøvde lykken. Mange byggverk, maskinar og konstruksjonar vart oppført i forbindelse med gruvene og utvinninga av gullet i steinen som blei tatt ut. Det vart sett opp to hotell til innkvartering av tilreisande fintfolk og 7 «forretningar» og skjenkestover. Der var også ein flytande restaurant, ein gamal avdanka dampbåt som låg oppankra på Urdavikjo i Løklingfjorden. Då gruvedrifta var på sitt høgste, arbeidde der bortimot 500 mann.

Då krigen i 1914 hadde teke til, selde dei engelske eigarane av Oscarsverket (hovedaktøren i området) heile Verket til 3 nordmenn. Det er sagt at salgsummen var £ 1000. Dei tre nye eigarane var Nils i Urdo, Andreas Pedersen på Stangeneset i Urdo og tilsynsmannen på Verket som heitte Dyrdal og var frå Sogn. Sommaren 1916 heldt dei auksjon til oppløysing av sameiga. Det vart seld skinner, traller, vogner, borer og annan reiskap. Steinkjelar, mursteinspiper og hus vart nedrevne og spreidde for alle vindar. Maskinane vart selde som gamalt jern. Dei store rensetankane hamna som oljetankar i Rubbestadneset saman med mykje av skinnene.

Så var gulltida slutt og Verket borte. Bygda var komen tilbake til sitt gamle gjenge. Vatnet fylde gruvehola og tilbake står kun murane og vegane til minne om det som ein gong føregjekk her.