Bømmeløens Skytterlag

 

Utdrag frå Brynjar Stautland sitt kåseri ved 100-års jubileet av Lykling Kyrkje:

Ved Skyttarstemmen, på oppsida av vegen omlag tvers for snuplassen liggImage-1 der to store malmplater. Dette er skyteskiver fra et skyttarlag, Bømmeløens Skyttarlag, som vart stifta på Lykling i 1887. Dette er truleg det første organiserte laget i Bømlo, i allefall verdslige, og dette skjer i ei svært nervøs politisk tid i Noreg, med ei unionsoppløysing på trappene. «Formand» i laget, Marcus Kirkeeide er lærar på Lykling på denne tida, og andre som er nemnde som konkurransevinnarar ved stemner i 1889 er Ole Nordal og Iver Hansen. Eg meiner eg har sett namnet Ole Nordal i personellistene til Oscarsverkjet. Ideen om skyttarlag har truleg kome til Bømlo utanfrå, kanskje akkurat med lærar og skyttarlagsformann Kirkeeide som gjennom si utdanning var vidare orientert enn den jamne fiskarbonden her. Medlemene var ifølge resultatlistene som sagt nordmenn, og ikkje «engelsk adel» som ein kanskje kunne tenke seg då det gjeld bruk av noko så dyrebart som våpen til adspredelse på Lykling i gruvetida.

«Centralforeningen for Udbredelse af Legemsøvelser og VaabImage-1 (1)enbrug» som Bømmeløens Skytterlag var organisert under, var imidletid ikkje til adspredelse og sport, men iflg. Einar Vorland eit politisk prosjekt der ein skulle betre mobiliseringsevna til norske menn gjennom fysisk fostring og skyteøvingar. Og; apropos den politiske situasjonen: Centralforeningslaga var det dei kalla «kongetru», det vil seia at dei i all hovudsak støtta unionen, og leiinga bestod for det meste av offiserar og overklasse. Men i den tida me no snakkar om, 1880-åra, vaks det fram ei svært sterk nasjonalkjensle i Noreg, og i Trøndelag kom venstreradikalen Ola Five bokstaveleg tala på banen og skipa det han kalla «folkevæbningssamlag». Desse skulle vera ein motsats til dei unionstru Centralforenings-laga, og skyttarlaga i Folkevæbningslaga henta i hovudsak medlemmene frå «allmuen». Det vart sterk rivalisering mellom dei unionstru Centralforenings-laga(Cf), som det på Lykling, og dei patriotiske Folkevæbningssamlaga(Fv). Og dette kunne sjølvsagt bli farleg. Begge organisasjonane var interessant nok lova tilskot frå staten, men regjeringa Selmer vart likevel stilt for riksrett der eit av tiltalepunkta var at regjeringa berre hadde utbetalt statsbidrag til den unionstru Centralforeningen. Striden mellom disse to rivaliserande skyttarorganisasjonane enda med at Stortinget oppretta Det Frivillige Skyttervesen i 1893. Centralforeningen der lærar Kirkeeides skyttarlag på Lykling var med, måtte endre namn til «Centralforeningen for utbredelse av idrett» og vart forløparen til Norges Idrettsforbund.